Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Epost: oyvind.hostaker@sfj.no Telefon: 576 38 000, 95222168 • kontakt: Øyvind Høstaker • Nettstad: www.skulesekken.no
Forfattarmøte: Anders Totland
Produksjonsliste
Program

Forfattarmøte: Anders Totland

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Verda er i forandring. Klimaendringar, kva skjer og kvifor skjer det? Er det mogleg å forstå, mogleg å gjere noko med?  Kva betyr vår livsstil for miljøet? Korleis kan ein ta miljøvenlege val? Og er vi eigentleg villige til å gjere grepa som må til?

Anders Totland er ein samfunnsengasjert sakprosaforfattar som har skrive ein tekst som tematiserer natur-, miljø- og klimautfordringar i vår tid. Med utgangspunkt i dyrevelferd, matproduksjon og overforbruk inviterer han elevane til å diskutere kva som er i ferd med å skje med jordkloden og naturen rundt oss.

Totland gir vidare eit innblikk i forfattarprosessen, korleis oppstår idéar, kvar finn han inspirasjon, kvifor skriv han for ungdom?

Kommunar: Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Årdal, Aurland

Turneperiode: veke 37 og 38

Lærarrettleiing

Skulane får tilgang til teksten Totland baserer framsyninga si på saman med eit knippe refleksjonsoppgåver som klassane kan jobbe vidare med etter framsyninga.​​​​​​​

Folkebiblioteket tilbyr lån av Totland sine bøker. Biblioteket vil kunne lage temautstillingar i biblioteket med andre aktuelle bøker og ta i mot klassebesøk, eller lage bokkassar som kan lånast til klasserommet. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek tilbyr klassesett av Totlands bok «Engel i snøen».

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Forfattar Anders Totland (1986) har dei siste åra gitt ut fleire bøker for barn og unge på nynorsk. I år er han aktuell med «Nattmannen» (2019). Den siste romanen «Nedteljing» (2018) er ei av bøkene som ungdom sterkt anbefaler på uprisen.no – kåringa av årets ungdomsbok. «Den norske slavehandelen» (2018), «Så lenge ingen ser oss» (2017) og «Engel i snøen» (2016) har hausta gode kritikkar og slår også godt an hos unge. Totland sine skjønnlitterære bøker passar godt også for uvante lesarar eller dei med ulike lesehemmingar som treng tilrettelagd litteratur.


Medverkande

  • Anders Totland (Forfattar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Totland-Anders_Fotograf-Per-Egil-Larsen.jpg
Litteratur / Forfatterbesøk
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Kontaktperson DKS: Trygve Apalset  tlf: 96941221 ,   trygve.Apalset@sfj.no
Kontaktperson utøvar
Anders Totland, 
totlanders@gmail.com,
tel: 462 96 458
Programlengde
45 minutt
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Dagsturhytta i kommunen
Oppriggingstid
0 min.
Nedriggingstid
0 min.
Merknad
Forfattaren kan ha fleire økter kvar dag og på kvar hytte. Vêr og elevtal er avgjerande for om formidlinga blir inne i hytta eller utanfor.
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medverkande
  • Anders Totland (Forfattar)