Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
Forkurs med Good Time Charlie - Å skrive ein tekst
Produksjonsliste
Program

Forkurs med Good Time Charlie - Å skrive ein tekst

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

KURS I TEKSTSKRIVING MED GOOD TIME CHARLIE

Til skulekonserten med Good Time Charlie vart det i vår sendt ut tilbod om eit kurs i å skrive tekstar som nokre av skulane har meldt seg på. Dette er litt informasjon om kurset som finn stad før sjølve turneen. 

Det er meininga at elevane som deltek på kurset skal lære å skrive tekstar sjølv. Kanskje vil nokre av desse tekstane verte framført når musikarane kjem tilbake til skulen for å ha konsert.

Å skrive tekstar er noko mange ønskjer å lære meir om. Det er meininga at dette kursopplegget skal kunne nyttast som inspirasjon. Dette kan også gå inn i norskfaget, der det i læreplanmåla for U-steget ma. heiter (utdrag):

• lese og analysere eit breidt utval tekstar i ulike sjangrar og medier på bokmål og nynorsk og formidle moglege tolkingar

• skrive ulike typar tekstar etter mønster av eksempeltekstar og andre kjelder

• gjenkjenne verkemiddel som humor, ironi, kontrastar og samanlikningar, symbol og språklege bilete og bruke nokre av dei i eigne tekstar

• planlegge, utforme og bearbeide eigne tekstar manuelt og digitalt, og vurdere dei undervegs i prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst

• skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovudmål og sidemål med grunngjevne synspunkt som er tilpassa mottakar, føremål og medium

Last gjerne ned vedlagte pdf som er konkret tilpassa tekstskriving i samband med låtskriving i ulike sjangrar, inkludert blues. Sjå også konsertinformasjon til konserten med Good Time Charlie!

Lukke til med kurset!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Good Time Charlie

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Good Time Charlie
  • Arle Hjelmeland
  • Steinar Karlsen
  • Morten Skage
  • Einar Olsson

Multimedia og vedlegg

Bilete

Good Time Charlie
Foto: Oddleiv Apneseth
Litteratur, Musikk / Jazz/blues
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Programlengde
2 skuletimar
Maks publikumsantal
25
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medverkande
  • Arle Hjelmeland
  • Steinar Karlsen
  • Morten Skage
  • Einar Olsson