Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
Forelska & forrykt
Produksjonsliste
Program

Forelska & forrykt

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

På William Shakespeare si tid fekk ikkje kvinnene stå på scena, og dei kvinnelege rollene i framsyningane til Shakespeare vart ofte spelt av unge gutar.

I dag er kjønnet ditt framleis med på å bestemme kva du kan gjere og kva du ikkje kan gjere.

Regissør Frode Gjerløw har gjort eit utval i Shakespeare sine tekstar inspirert av kjønn og identitet.

I motsetnad til etablerte kjønnsnormer der menneskeflokken er delt i to: mann og kvinne… Yin og Yang… positiv og negativ… vil tekstane av Shakespeare spelast ut i ei verd der kjønn er som regnbogen – eit spektrum av variasjonar: likskap og kontrastar, lys og skygge.

Publikum får møte kjende tragediekarakterar som Hamlet, Macbeth og Lady Macbeth, Romeo og Julie, fletta saman med utdrag frå komediar og romansar som Helligtrekongersaften og Ein midtsommarnattsdraum, der kjønn både vert viska ut og bytta om. I kjernen ligg ei kjærleikshistorie som byr på forelsking, hemnlyst og galskap. Ei vill, vakker og eventyrleg framsyning.


*med atterhald om endringar då framsyninga er under arbeid ​​​​​​​

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Sogn og Fjordane teater

Multimedia og vedlegg

Bilete

Shakespeare.jpg
logo soft.jpeg
Scenekunst
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune