Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
På Geitevis
Produksjonsliste
Program

På Geitevis

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

På Geitevis er ei heilt ny konsertframsyning som tek utgangspunkt i Aasmund Olavson Vinje sitt liv og dikting i samband med 200-årsjubileet hans. Vinje var frå Telemark og er kjend som både forfattar, journalist og lærar. Han var ein av dei fyrste som aktivt nytta nynorsk både i dikt og prosa. På denne konserten vert mange av dei mest kjende dikta og songane hans presentert på ein engasjerande og folkemusikalsk måte. Den raude tråden i framsyninga er GEITA, som Vinje sjølv skildra i visa Blåmann, Blåmann. Det å ha slik ei forståing for og kjærleik til eit dyr er noko som mange kjenner seg att i.

På geitevis er også eit møte mellom to jazzmusikarar og to folkemusikarar. Daniel Herskedal sin virtuositet og fantasi på tubaen har vekt åtgaum langt utover landegrensene. Dag-Filip Roaldsnes er ein av våre finaste jazzpianistar med eit eigenarta, granskande og søkande uttrykk. Folkesongar Unni Boksasp har sunge seg inn i mange hjarte med si klangfulle og klåre nordmørske røyst. Jorun Marie Kvernberg kjenner vi både som solist og frå mange ensemble, mellom andre Majorstuen. Ho er ikkje berre ein storarta fiolinist, men står også fram som ein solid komponist. Ho var den norske komponisten i storverket Nordic Sound Folk Orchestra som var fjorårets opningskonsert på Førdefestivalen. 

Jorun Marie seier dette om utgangspunktet for framsyninga:

- Me byrja å drodle rundt det med geita. Vinje var veldig glad i Blåmann, som alle veit. Han identifiserte seg med geita og eigenskapene den har, det kan vi sjå både i dikt og prosa. Vinje fortel også om hesten som går seg fast og mest svelt i hjel, for den kjem ikkje på at den kan snu. Dette er hestenaturen, iflg. Vinje, utan evne til å ombestemme seg. Men dette hadde ikkje hadde skjedd om det var ei geit. For geita veit å snu seg. Ho finn nye løysingar når den første ideen ikkje fungerar, ho vender om når ho må. Og dette er typisk for Vinje. Å vere den tvisynte, den som nettopp verdset det å kunne skifte meining. Litt som i uttrykket "Feilen med verda er at dei dumme er så skråskikre på alt, og dei kloke så fulle av tvil".

Førearbeid

Det er fint om elevane kan vere med å synge «Blåmann, Blåmann, bukken min» på konserten. Sjå vedlagte PDF med tekst. Det kan også vere ein god idé å snakke litt om Aasmund Olavson Vinje på førehand.

God konsert!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • I samarbeid med: Førdefestivalen

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Jorun Marie Kvernberg (fele), jorun@kvernberg.com, 91318235
  • Unni Boksasp (song)
  • Daniel Herskedal (tuba)
  • Dag Filip Roaldsnes (piano)
  • Steinar Skadal (Lyd- og lysteknikar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

På Geitevis
Foto: Oddleiv Apneseth
På Geitevis
Foto: Oddleiv Apneseth
Jorun Marie Kvernberg, Unni Boksasp, Dag-Filip Roaldsnes og Daniel Herskedal
Foto: Oddleiv Apneseth
På Geitevis
Foto: Oddleiv Apneseth
På Geitevis
Foto: Jorun Marie Kvernberg
Musikk / Tradisjonsmusikk, norsk
Trinn: 1 - 7
Turnéplan: På Geitevis (H18)
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Jorun Marie Kvernberg, jorun@kvernberg.com, 91318235
Programlengde
35 minutt
Arena / rom
Gymsalen ved skulen eller anna eigna lokale
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
40 min.
Treng nystemt piano
Ja
Merknad
  • Vi ber om at kulturkontakten tek i mot utøvarane når dei kjem.
  • Det er behov for akustisk piano. Dersom skulen ikkje har piano, har musikarane med seg eit elpiano som kan nyttast. 
  • Dersom det er mogleg å blende konsertlokalet, hadde det vore fint.
  • Det må vere normal romtemperatur i rommet der konserten skal føregå. 
  • Det må setjast fram stolar til elevane, med midtgang.
  • Elevane sit i ein halvsirkel framfør musikarane.
  • Musikarane nyttar langveggen i konsertlokalet som sceneområde.
  • Lærarane må gjerne sitje saman med elevane under konserten.
  • Set gjerne fram litt kaffi og vatn til musikarane, det er alltid populært.
  • Vaktmeisteren ved skulen må få tilgang til denne informasjonen.
Regi og scenografi: Tore NysætherManus: Fridtjov Urdal og Tore NysætherProduksjonen er støtta av Norsk Kulturråd
Lenker
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
Medverkande
  • Jorun Marie Kvernberg (fele)
  • Unni Boksasp (song)
  • Daniel Herskedal (tuba)
  • Dag Filip Roaldsnes (piano)
  • Steinar Skadal (Lyd- og lysteknikar)