IslaSjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg"ISLA" er basert på draumar og hallusinasjonar til tre karakterar som etter eit havari hamnar på ei aude øy. Dei er åleine og heilt avhengige av kvarandre. Livet på øya set klare grenser, og dei tre kjem opp i utrulege situasjonar og vel merkelege strategiar og løysingar for å overleve. Ei framsyning basert på kroppsrørsle og kroppskontroll, med typiske innslag frå sirkuset; akrobatikk og den kinesiske pålen, og vi blir minna om det subtile skiljet mellom dans og fysisk teater. Om utøvarar og produsentar
Om kunstnar / utøvar / gruppeD’Click Compania Vart oppretta i 2010, og sidan starten har kompaniet spesialiert seg på framsyningar i skjeringspunktet mellom sirkus og scenekunst. Med første framsyninga, "Los viajes de Colón" i 2011, fekk kompaniet markert sin eigen stil, med grunnlag i eit språk sterkt prega av rørsle og kropp. Element frå sirkuset er alltid tilstade i framsyningane, medan teater og dans er med for å utvikle historia. Premiere på framsyninga "L'Avant Première" fann stad i 2014, etter halvtanna år med førebuing. Dei heldt fast ved rørsle som det viktigaste uttrykket og som den sentrale tråden i framsyninga. "L'Avant Première" har eit herleg, poetisk språk og er eit enkelt stykke i ein humoristisk tone. D’Click Compania har motteke prisar som t.d. Public's Choice Award av Feria Internacional de Teatro y Danza de Huesca i 2015, og prisen for beste aragonske sirkusprestasjon av Festival de Circo Ciudad de Zaragoza i 2015. I 2016 vart selskapet tildelt utmerkinga til Performing Arts Newcomer of Aragon 2016. Hugo Gauthier, Belgia Grunnleggar av D’Click Company of Circus Arts. Han har utdanning frå L’école de Cirque de Bruxelles og Training in acrobatics and Chinese pole at the Social World Circus School i Chile. Han har vore artist i ulike kompani som t.d. Cirque du Soleil, Tarde or Temprano dance og Los Navegantes. Ana Castrillo, Spania Grunnleggar av D’Click Company of Circus Arts. Ho har vore med som improvisasjonsdansar under framsyningane "Inquilinos" og "Esperando en Olot" med Ana Continente Company. Arbeider også med moderne dans, og har kontaktar med dansarar på Cuba, i Chile, Israel og fleire andre land. Javier Gracia, Spania Grunnleggar av D'Click Company of Circus Arts og er utdanna frå Carampa Circus School i Madrid. Han er koordinator for Social Circus School of Zaragoza, og har vore med i fleire kompani som t.d. Cirque du Soleil, Callejeatro og Chechare Compañía. Medverkande
Multimedia og vedleggVideo/Lyd | ![]() Annet Trinn: VG1 - VG3 Turnéplan: ISLA Praktisk informasjon Programlengde 50 minutt Arena / rom Kulturhus / idrettshall Berehjelp Ja Arrangørar Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune Medverkande
|