Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
GISP!
Produksjonsliste
Program

GISP!

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

KINESISK MUSIKK OG SJONGLERING

Gisp! er ei fargerik og visuell forestilling full av kontrastar, med kinesisk musikk som spenner frå det imponerande og heftige til det vakre og rolege. Her får du høyre voldsomme trommesoloar med trommer som er fleire tusen år gamle, fløytespel i duse harmoniar og halsbrekkande framføringar på tradisjonelle kinesiske strengeinstrument. I forestillinga møter du også sjongløren Liu Kun, som rett og slett er ein av verdas beste: Han er den i verda som klarar å ha flest ringar i lufta på same tid!

Gisp! er ei innhaldsrik og gripande forestilling og det er lett å forstå at elevane lar seg rive med. Kanskje reiser elevane tilbake til skulane med ønskje om sjølv å utfalde seg med rytmar, til dømes i kulturskuletimens “Stomp”?"
(Frå nettavisa Ballade si melding av Gisp!)

Visste du at?

Kineserane hadde eit innslag med fleire hundre trommeslagarar under åpningsseremonien på Sommar-OL i Beijing i 2008? Sjå her: www.youtube.com/watch?v=JsDY1Ha83M8

Det er ikkje uvanleg å ha flotte trommeshow ved særskilte høve, dette innslaget frå kinesisk TV syner eit innslag frå den kinesiske vårfestivalen i 2012: www.youtube.com/watch?v=D4hwpSeMN6M

Kina er kjend for sirkus: https://www.youtube.com/watch?v=udpDaBNpXDA
og for å ha dei dyktigaste akrobatane i verda. Her kan du sjå eit innslag i samband med feiringa av kinesisk nyttår frå kinesisk TV: https://www.youtube.com/watch?v=BiRyRrwuq4E

Kina har lange tradisjonar for sjonglering:
https://www.youtube.com/watch?v=86GU2IOni5M

  • Kina er det 4. største landet i verda
  • 1/5 av verdas befolkning bur i Kina
  • Kina er det mest folkerike landet i verda (nesten 1,4 milliardar) 
  • Lenge var det berre lov å få eit barn pr. familie, men frå 2015 vart det lov med to born
  • Det er fleire millionar fleire gutar enn jenter i landet
  • Sykkel er det viktigaste køyretøyet
  • Iskrem, fyrverkeri, papir, drager og trykkekunsten vart oppfunnen i Kina
  • Bordtennis (ping pong) er ein populær idrett
  • Den mest populære hobbyen i Kina er å samle på frimerke
  • Te vert rekna for å være livsnødvendig

Fleire morosame fakta om Kina: http://facts.randomhistory.com/2009/05/04_china.html

Lærarrettleiing

BRUK KONSERTEN I UNDERVISNINGA!

Geografi:
Kompetansemål 1. – 4. trinn: Samle opplysningar frå globus, kart og digitale kjelder og bruke dei til å samtale om stader, folk og språk

Kompetansemål 5.-7. trinn: Samanlikne og påvise likskapar og skilnader mellom land i Europa og land i andre verdsdelar

På nettsidene til NRK Skole kan du finne medieklipp/innslag om Kina.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Rikskonsertene
  • Produsent: Morten Brenne, Rikskonsertene, mb@rikskonsertene.no, tlf: 22025920
  • I samarbeid med: Utenriksdepartementet

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Liu Kun (sjonglør)
  • Yang Leiheng (Jiangzhou / trommer)
  • Wu Erle (Jiangzhou / trommer)
  • Yiwen Tang (Zhong Ruan / gitar og Liu Qin / gitar)
  • Wang Junkan (Dizi / bambusfløyter)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Gisp
Foto: Kulturtanken/Lars Opstad
Gisp
Foto: Kuturtanken/Lars Opstad
Gisp
Foto: Kulturtanken/Lars Opstad
Gisp
Foto: Kulturtanken/Lars Opstad
Gisp
Foto: Kulturtanken/Lars Opstad
Scenekunst / Performance
Trinn: 1 - 7
Turnéplan: GISP!
Praktisk informasjon
Programlengde
45 minutter
Maks publikumsantal
500
Arrangørar
Arrangert av:
Rikskonsertene
Produsent
Morten Brenne, Rikskonsertene, mb@rikskonsertene.no, tlf: 22025920
Medverkande
  • Liu Kun (sjonglør)
  • Yang Leiheng (Jiangzhou / trommer)
  • Wu Erle (Jiangzhou / trommer)
  • Yiwen Tang (Zhong Ruan / gitar og Liu Qin / gitar)
  • Wang Junkan (Dizi / bambusfløyter)