Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Folkemusikk i julekalenderen
Produksjonsliste
Program

Folkemusikk i julekalenderen

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

KALENDERLUKE MED MUSIKALSKE OVERRASKINGAR

På denne konserten vil borna få oppleve eit julekalenderbesøk med folkemusikaren Synnøve S. Bjørset. Sidan det som er i julekalenderen er hemmeleg, kan vi ikkje fortelje meir om kva som skal skje anna enn at det vert eit tett og fengande møte med ein av våre fremste folkemusikarar. Julekalenderbesøket vil ta ca. 20 minutt.

GJENNOMFØRING

Dette programmet er eit kortare konsertbesøk enn vanleg, ca. 20 minutt pr. konsert. Det tyder at det er mogleg å ha to gjennomkøyringar pr. barnehage med maks. 25 born pr. gong. Dei barnehagane som vanlegvis får eitt besøk, vil denne gongen dele opp borna i to grupper slik at kvar gruppe får vere med på eit program som varer i ca. 20 minutt. Dei barnehagane som vanlegvis har to konsertar, vil soleis få fire konsertar, to før lunsj og to etter lunsj. Sjå konsertplanen for meir informasjon. 

PRAKTISK KONSERTFØREBUING

Synnøve treng to stolar og eit bord til å legge instrumenta på. Det er fint om borna sit på stolar i ein halvsirkel, slik at alle ser godt. Sidan dette konsertbesøket skal vere ei overrasking er det fint om det ikkje vert snakka så mykje med borna om kva instrument Synnøve spelar på førehand. 

POSTKORT

Det vert sendt ut eit postkort til barnehagen med bilete av Synnøve som vi ber om at borna får med seg heim. Før postkorta vert delt ut, er det fint om ein vaksen i barnehagen kan fylle ut lukenummeret på postkortet, det vil seie datoen for når konsertbesøket skal vere.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Synnøve S. Bjørset
  • Produsent: Øyvind Lyslo, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no mob. 90 11 34 33
  • Idé/ opplegg: Synnøve S. Bjørset

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Synnøve S. Bjørset kjem frå Jølster, og er ein av dei fremste formidlarane av tradisjonell hardingfelemusikk i landet. Ho vart nominert til Spellemannprisen for solosplata si «Slåttar», og har motteke ei rekkje prisar og stipend for musikken sin. Som soloutøvar har ho lang erfaring med å spele konsertar for både små og store, og ho er særleg oppteken av å formidle dei gode forteljingane om musikken og instrumentet.


Medverkande

Multimedia og vedlegg

Bilete

Synnøve S. Bjørset
Foto: Vegard Fimland
Musikk / Tradisjonsmusikk, norsk
Trinn: 3 år - 5 år
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Synnøve S. Bjørset, synnove@bjorset.com, 90852334
Programlengde
Ca. 20 minutt (kortare enn vanleg, men doble konsertar pr. barnehage ved behov)
Maks publikumsantal
25
Arena / rom
Eigna rom i barnehagen
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
10 min.
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no mob. 90 11 34 33
Medverkande
  • Synnøve S. Bjørset (hardingfele)