Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
Good Time Charlie - "Frå New Orleans til Vestlande...
Produksjonsliste
Program

Good Time Charlie - "Frå New Orleans til Vestlandet"

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

"After over thirty years on the road as one of the premier Norwegian bands, Good Time Charlie are ready with a new album brimming with energy and magical charm", står det i pressemeldinga frå Good Time Charlie etter utgjevinga av plata "Ready to Rumble" som også vart nominert til Spellemannsprisen 2017. Dette speleglade bandet har gjeve ut musikk for eit stort og breidt publikum. Bandet har også internasjonal suksess, og den nyaste plata vert også spelt i Sør-Afrika.

På platene "Jubelblues" og "Draumeblues og blåsus" er bluestekstane på nynorsk, godt innpakka i energisk rhythm & bluesmusikk som er og blir den musikalske merkevaren. Blueslåtane til Good Time Charlie høver for publikum i alle aldrar, og mange av songane har catchy refreng som det gjerne kan syngast med på. Platene til Good Time Charlie har blitt møtt med strålande kritikkar, og syner at blues er ein sjanger som kan fornye seg igjen og igjen utan å miste røtene av syne. Nynorsk passar også svært godt til blues, noko som vil vere høyrbart på konserten. 

FØREARBEID

Å skrive tekstar er noko mange ønskjer å lære meir om. Good Time Charlie har utarbeidd eit opplegg for tekstskriving som kan nyttast som inspirasjon. Dette kan også gå inn i norskfaget, der det i læreplanmåla for U-steget ma. heiter (utdrag):

  • lese og analysere eit breidt utval tekstar i ulike sjangrar og medier på bokmål og nynorsk og formidle moglege tolkingar
  • skrive ulike typar tekstar etter mønster av eksempeltekstar og andre kjelder

  • gjenkjenne verkemiddel som humor, ironi, kontrastar og samanlikningar, symbol og språklege bilete og bruke nokre av dei i eigne tekstar

  • planlegge, utforme og bearbeide eigne tekstar manuelt og digitalt, og vurdere dei undervegs i prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst

  • skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovudmål og sidemål med grunngjevne synspunkt som er tilpassa mottakar, føremål og medium

Last gjerne ned vedlagte pdf som er konkret tilpassa tekstskriving i samband med låtskriving i ulike sjangrar, inkludert blues. 

God konsert! 

Lærarrettleiing

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Good Time Charlie
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90113433, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • Idé/ opplegg: Good Time Charlie i samarbeid med produsent Øyvind Lyslo

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Good Time Charlie vert rekna for å vere i fremste rekke når det gjeld formidling av rhythm and blues, noko dei også har fått nasjonal og internasjonal honnør for. Good Time Charlie har gjeve ut 8 plater. I 1995 gav dei ut «Comin Down With The Blues» som er blitt kåra til ein klassikar blant musikkekspertar og musikarar. Dei seinare utgjevingane «Oochie-Coochie» og “It´s Alright” fekk også strålande kritikkar. “It´s Alright” vart også utgjeven i Kina, og då var også bandet på turné der. «Mojo Energy» må også nemnast. Her oppfann Good TIme Charlie sjangeren “garage-soul”, ei samansmelting av 60-talls garagerock og den eksplosive og energiske soulmusikken. Plata vart særs godt motteken og vart også nominert til spellemannsprisen i klassa for Blues. I 2011 kom “Garage A Go-Go”, og i 2013 vart 30-årsjubileèt markert med samleplata “In Sugartown”. Seinare kom to plater til, "Diamonds" i 2014 og "Ready to rumble" i 2017. Good Time Charlie vart kåra til årets artist i Sogn og Fjordane i 2015.

Good Time Charlie har lenge vore aktive med å spele blå musikk for eit yngre publikum. Bandet markerte Språkåret 2013 med å lansere Norges fyrste bluesbaserte barneplate “Draumeblues og blåsus” som fekk svært gode kritikkar. I 2015 kom neste plate med blues for born på nynorsk, "Jubel og skrubbsår", også denne fekk også svært god omtale i media. 


Medverkande

  • Good Time Charlie
  • Arle Hjelmeland (vokal), arle.hjelmeland@gmail.com, 917 92 255
  • Morten Skage (bass)
  • Einar Olsson (trommer)
  • Steinar Karlsen (11.04-13.04) (gitar)
  • Atle Johannesen (16.04-19.04) (gitar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Good Time Charlie
Foto: Oddleiv Apneseth
Heidrar dialekta
Foto: Firda
Good Time Charlie
Foto: Oddleiv Apneseth
Musikk / Jazz/blues
Trinn: 8 - 10
Turnéplan: Good Time Charlie
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Arle Hjelmeland, mob. 917 92 255, e-post: arle.hjelmeland@gmail.com
Programlengde
35 minutt
Maks publikumsantal
220
Arena / rom
Gymsalen ved skulen eller annan eigna konsertlokale
Oppriggingstid
40 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
Praktisk konsertførebuing
Lenker
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo, mob. 90113433, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
Medverkande
  • Arle Hjelmeland (vokal)
  • Morten Skage (bass)
  • Einar Olsson (trommer)
  • Steinar Karlsen (11.04-13.04) (gitar)
  • Atle Johannesen (16.04-19.04) (gitar)