Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Sunniva no
Produksjonsliste
Program

Sunniva no

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ein danseproduksjon som reflekterer kring tema i legenda om St. Sunniva og dei mange notidige assosiasjonane den vekker i oss.  I følgje legenda reiste Sunniva frå heimlandet sitt, og la ut i det ukjende for å kunne halde fram i trua på Gud. Ho var villig til å døy for trua si.

 Kva fortel det oss i dag?

Kva vil det seie å vere einspora, ja så einspora at du ønskjer forfølgje dei som tenkjer annleis enn deg? Kva om det finst fleire sanningar? For kven har makt over deg? Og kva er du villig til å ofre livet ditt for? 

Det er lett å sjå likskapen mellom Sunniva si farefulle reise frå Irland til Noreg, og hendingar vi kjenner frå vår eiga tid. Vi er heller ikkje framande for ordet martyr. Og kva med vår tid sine falske nyhende? Er det skilnad på det og den propaganda presteskap og kongsmakt nytta for å samle Noreg til ei tru og eit rike?

Sunniva no er ein samproduksjon mellom Førdefestivalen, Sogn og Fjordane Teater og Svidal/Brantzeg. Den har urpremiere under Førdefestivalen 2017.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Idé/ opplegg: Regi/koreografi: Mette BrantzegMusikk: Gro Marie SvidalScenografi: Erik Annar EvensenLys: Atle ØydvinRekvisitør/kostyme: Solveig Fugelsøy

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Silje Risdal Liahagen (dans) er 26 år, bur i Oslo og vart uteksaminert frå Bårdar Akademiet i Oslo våren 2014. Ho har sidan då livnært seg som frilans dansar, songar og skodespelar. Ved Bårdar jobba Silje med ulike stilar og retningar innanfor dans, skodespel og song. Etter enda utdanning har Silje medverka i forskjellige førestillingar og prosjekt, då mykje innan folkemusikk og folkedans som har vorte hovudfokuset hennar. Silje er i A-klassa i både vokal og dans hardingfele. Folkedansen og -songen har ho fått nytte av både på scena som utøvar, og som instruktør.

Vetle Springgard (dans) er ein av Norge sine fremste tradisjonsdansarar innan pardans og solodansen halling. Han har medverka som dansar i dansekompaniet FRIKAR, og i andre frie sceneproduksjonar. Han har teatererfaring frå mellom anna Det norske Teater. Springgard er også ein mykje nytta danseinstruktør.

Martin Myhr (dans) er ein av Norge sine fremste formidlarar av solodansen halling. Han har vunne den nasjonale konkurransen, Landskappleiken, i halling heile sju gongar, og formidlar tradisjonen frå Trysil og Hallingdal. I tillegg til å vere ein framifrå solodansar, er han også ein solid pardansar. Myhr har arbeidd som dansar sidan 1980, og har medverka i fleire teateroppsetjingar og produksjonar mellom anna hos Västanå Teater i Sunne, Sogn og Fjordane Teater, Hedmark Teater og Riksteatern i Sverige. Han er også ein mykje nytta folkedanspedagog.

Gro Marie Svidal (musikk/dans) frå Jølster i Sogn og Fjordane, er utdanna musikar frå Ole Bull akademiet og Norges musikkhøgskole, og har mastergrad i musikkformidling frå 2010. Svidal er norgesmeister på solo hardingfele frå 2014, og ein av landet sine fremste formidlarar av tradisjonsmusikk og dans til barn og unge. Svidal har turnert for Rikskonsertene og Den kulturelle skulesekken sidan 2003, medverka i fleire teaterproduksjonar ved Sogn og Fjordane Teater, vore prosjektleiar og produsent. Svidal har lang kurs- og konserterfaring frå inn og utland. 


Medverkande

  • Gro Marie Svidal (Musiker)
  • Silje Risdal Lihagen (Danser)
  • Vetle Springgard (Danser)
  • Martin Myhr (Danser)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Sunniva no
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Scenekunst / Performance, Musikk / World Music, samtid
Trinn: VG2 - VG2
Turnéplan: Sunniva no *
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Gro Marie Svidal Mob: 900 85 207
Kontaktperson utøvar
Gro Marie Svidal Mob: 900 85 207
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medverkande
  • Gro Marie Svidal (Musiker)
  • Silje Risdal Lihagen (Danser)
  • Vetle Springgard (Danser)
  • Martin Myhr (Danser)