Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
SPETAKKEL 2018
Produksjonsliste
Program

SPETAKKEL 2018

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

SPETAKKEL 2018 er ein eindags-festival for elevar i 1-7 klasse i kommunane Flora, Førde, Naustdal, Gaular og Jølster som skal spegle litt av det store mangfaldet innan Den kulturelle skulesekken. Festivalen er eit samarbeid mellom Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Kulturtanken. Festivalen går føre seg tysdag 24. april på Westcon-verftet i Florø og i Førdehuset i Førde, onsdag 25. april og torsdag 26. april. 

OM PROGRAMMET

  • GISP! er ei fargerik og visuell forestilling full av kontrastar, med kinesisk musikk som spenner frå det imponerande og heftige til det vakre og rolege. Her får du høyre voldsomme trommesoloar med trommer som er fleire tusen år gamle, fløytespel i duse harmoniar og halsbrekkande framføringar på tradisjonelle kinesiske strengeinstrument. I forestillinga møter du også sjongløren Liu Kun, som rett og slett er ein av verdas beste: Han er den i verda som klarar å ha flest ringar i lufta på same tid! Meir om programmet


  • LUISON OG CUBA - Det er ikkje lett å sitte stille når cubanske rytmar frå denne kvartetten slepp til! Bandet Luisón og Cuba spelar tradisjonell Cubansk musikk. Sjefen i bandet heiter Luison og han er tidlegare profesjonell fotballspelar på cubanske landslaget. På konserten vil publikum få ein smakebit frå Luison sine barne- og ungdomsår på Cuba, og elevane vil vert introdusert for både cubansk salsa og dans. Meir om programmet


  • DESIBEL - Desibel er eit mobilt støykunstprosjekt. Det vart laga i høve Vevringutstillinga sitt 30-års jubileum 2009. Desibel er ein enorm høgtalar som veg 2 tonn og som er 10 meter lang. Lyden frå Desibel kan kome opp i heile 130 db. Då skal ein helst ikkje stå for nær. Samanlikning av ulike lydkjelder:  30 dB Kviskring - 60 dB Vanleg samtale - 85 dB Høgste tilletne støynivå i arbeidslivet - 90 dB Motorsykkel -  100 dB Symfoniorkester i sterke parti - 110 dB Høgt tordenskrall - 120 dB Rockeband med fullt trøkk - 130 dB Fly som tar av på nært hald. Til SPETAKKEL har vi også bestilt eit nytt verk for denne installasjonen av komponisten Eirik Husabø frå Florø. Bjørn-Are Vollstad har ansvaret for lysdesign for Desibel, i tillegg til å vere visuelt ansvarleg for heile festivalen.

PRAKTISK INFORMASJON

Det vil bli sett opp busstransport for elevar som ikkje er innanfor gåavstand til dei to konsertstadene på Westcon Yards i Florø og Førdehuset. Detaljert informasjon om busstransporten vert formidla i god tid.  

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: DKS-festivalen SPETAKKEL 2018, eit samarbeid mellom DKS Sogn og Fjordane og Kulturtanken

Multimedia og vedlegg

Bilete

Verftet i Florø
Foto: Westcon Florø
GISP!
Foto: Kulturtanken
GISP!
Foto: Kulturtanken
GISP
Foto: Kulturtanken
GISP!
Foto: Kulturtanken
Luison og Cuba
Foto: Luison Capote
Førdehuset frå Hafstadfjellet
Foto: Eirik U. Birkeland
DESIBEL.jpeg
Foto: Heidi Lise Bakke
Kunstarter i samspill, Musikk
Trinn: 1 - 7
Turnéplan: SPETAKKEL 2018
Praktisk informasjon
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune