Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Epost: oyvind.hostaker@sfj.no Telefon: 576 38 000, 95222168 • kontakt: Øyvind Høstaker • Nettstad: www.skulesekken.no
Adoptert nynorskforfattar
Produksjonsliste
Program

Adoptert nynorskforfattar

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Kven er eg eigentleg? Dette spørsmålet har forfattaren Brynjulf Jung Tjønn frå Sogn og Fjordane stilt seg ofte. Då han vaks opp følte han seg annleis enn dei andre borna og lengta bort. Han flytta til Oslo og slutta å skrive på nynorsk. Men etter ei stund skjønte han at dette var feil. Etter å ha vakse opp med nynorsk, forstod han at nynorsken var alt for viktig del av identiteten hans.

I denne produksjonen vil Tjønn gjennom ord og bilete vise kor viktig det nynorske språket er for han, kor tett språk og identitet heng saman, og korleis ei reise tilbake til fødelandet Sør-Korea fekk han til å forstå kvifor han blei forfattar. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er oppvaksen i Feios i Sogn og Fjordane, men bur og arbeider i Oslo. Han debuterte med romanen EG KOM FOR Å ELSKE 2002. Seinare har han utgitt fleire romanar for vaksne, i tillegg til den kritikarroste barneboka I MORGEN SKAL VI SITTE I SOLEN (2009).  

For ungdomsromanen SÅ VAKKER DU ER fekk Jung Tjønn Brageprisen 2013. Om denne skreiv juryen mellom anna; «Tjønns prosa er rytmisk, billedsterk og poetisk. [...] Tjønn har skrevet en bevegende og håpefull fortelling om en ung gutt som mobiliserer krefter til å håndtere livet.» 

I 2019 blei han nominert til Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok for SMADRA. 

Brynjulf Jung Tjønn er forlagsredaktør i Det Norske Samlaget.


Medverkande

  • Brynjulf Jung Tjønn (Forfattar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

B.Jung Tjønn
Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss/Cappelen Damm
Brynjulf_01
Foto: Fredrik Arff/Cappelen Damm
Brynjulf_02
Foto: Fredrik Arff/Cappelen Damm
Brynjulf_portrett
Foto: Fredrik Arff/Cappelen Damm
Litteratur
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Kontaktperson DKS: Trygve Apalset  tlf: 969412212 ,   trygve.Apalset@sfj.no
Kontaktperson utøvar
Brynjulf Jung Tjønn, tlf: 91317058
Programlengde
45 minutt
Maks publikumsantal
60
Arena / rom
Klassrom eller sal
Berehjelp
Nei
Merknad
Treng tilgang til prosjektor og skjerm. Utøvar har med eigen Mac og adapter til prosjektor.
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medverkande
  • Brynjulf Jung Tjønn (Forfattar)